






Då har det blitt ei stund utan nyheter på bloggen. Me har flytta frå Juliaca til Arequipa, det har vore litt lite tilgang på internett, og det har vore mykje nytt å tenka på i ny jobb.
Flyttinga gjekk greit, og me budde eit par veker i eit anna hus før me kom på plass der me skal bu dette året. Nå er det meste kome på plass i skuffer og skap, og det er godt.
Me har hatt avskjedsfest med dei som skulle reisa til Norge, og me har vore på flott skuleavslutning.
Mika har begynt i barnehage, og ser ut til å trivast der. Solveig kjem og til å vera i barnehage ein del i sommar.
I går reiste mange av vennene våre frå oss. Det var trist å skiljast frå dei me har hatt så mykje fint og kjekt saman med. Takk for mange gode minner, så satser me på å treffast i gamlelandet når den tid kjem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar