søndag, mai 02, 2010

Norgestur

Utsikt Hovda
Ut i skogen med kaffi og vafler

Internasjonal samling
Fidel forsyner seg med dessert, me fekk mykje god mat

Sightseeing i Madrid

Eg fekk ein tur til Norge for å vera med på eit kurs og to. Reiste først til Rogaland nokre dagar, fekk vera på Ryfylkes perle og ellers litt rundt forbi.
Var i Oslo ca ei veka, på kurs for "stedlige representantar", på symposium og ei internasjonal samling der misjon og samarbeidskirker på alle våre misjonsfelt var representert. Mykje interessant.
Eg reiste saman med Nasjonal Pastor i kyrkja vår i Peru, Fidel Mamani.
Me var med på eit møte i Spydeberg på søndag, og hadde fly frå Gardermoen mandag 19.april. Me hadde eit problem, og det var at askeskya frå Island hindra oss i å reisa, og prognosene for dei neste dagane såg ikkje så lyse ut.
Me fekk billett frå Madrid til Lima, og fekk vera med ein buss som skulle til Spania. Det vart meir enn 40 timar på buss, før me gjekk av i Barcelona. Sjølv om det var lang tur, gjekk det egentlig greit.
Frå Barcelona tok me eit lyntog(ca 300 km/t) til Madrid. Der fekk me ein dag før flyet vårt gjekk, så då var me turistar. Fin by.
Kom heim til Juliaca 3 døgn forsinka, og fekk ein hjertelig velkomst.

Ingen kommentarer: