mandag, april 26, 2010

Påskemøter i Moho

Frå skjærtorsdag til påskeafta var Silas, Peter og eg på preikeferd i Moho. Me besøkte fem kyrkjer, eg hadde bibelundervisning, og me viste siste del av filmen om Jesu liv.

Første dagen var me nesten ved Bolivia-grensa, og sidan det ikkje hadde kome folk ennå, tok me oss ein snartur til Bolivia før møtet.

Me fekk mat overalt, nokre plasser ”fiambre”, som er poteter og chuño(frysetørka potet) som blir lagt på eit teppe på bakken. Me sit i ein ring rundt maten, og alle forsyner seg til det er tomt(eller me er mette).

Ein dag me besøkte to kyrkjer, fekk me middag når me var ferdige på den første plassen, og når me begynte på den andre plassen, då sleit eg litt med middag nummer to, men ein suppertallerk klarte eg.

Den siste dagen laga dei ein jordovn som dei steiker poteter i, veldig godt.

Me hadde med sonepastor Raul og kona rundt i dei forskjellige kyrkjene. Når dei skal besøka kyrkjer her, hender det at dei går i ti timar før dei er framme. Dei ville prøva å skaffa seg ein motorsykkel(det ville eg og gjort).

Dei reiste frå Juliaca til Moho i februar. Ver gjerne med å be for dei og arbeidet i Moho sone.









1 kommentar:

Bakkesblogg sa...

Fint dette Sverre! Jeg ser veldig frem til å kunne si at jeg også er kjent i dette området!!