søndag, februar 07, 2010

Firhjulstrekk er oppskrytt

Til venstre påtroppande pastor Lucas, til høgre avtroppande pastor Sebastian
På besøk hos Quintin og Julia, mens bilen sto bom fast
Full stopp, sjølv med firhjulstrekk
I går var eg ein tur til Azangaro. Me reiste og besøkte nokre av dei som kjem i kyrkja vår for å presentera den nye pastoren som skal arbeida der frå nå av.
Det er regntid, og det har kome mykje regn i det sista. Me såg at det hadde øydelagt avlinga for mange, åkrane hadde blitt oversvømt.
Me skulle besøka ein gard nokre kilometer utforbi Azangaro, og når me kom fram dit, svingte me av veien osg skulle køyra over ei grassletta bort til husa på garden. Men plutselig kjente eg at her var det mjukare enne eg hadde trudd, og plutselig sto eg fast. Eg kobla inn firhjulstrekken, men det hjalp ikkje. Me sto fast!
Me gjekk frå bilen og bort til husa på garden, og helste på vennene våre der, hadde ein presentasjon av den nye pastoren og ein andakt.
Så var det å finna spade, eit par pålar og ein del småkvister. Og ved hjelp av det kom me oss ut av sorpe-holet. Må innrømma at eg var litt nervøs, men det gjekk bra.
Ver gjerne med å be for Lucas, som skal ha ansvar for kyrkja i Azangaro nå. Det går veldig opp og ned i arbeidet der, me skulle så gjerna hatt ein litt større kjerne med folk som kom, og som kunne vera med å bera arbeidet der.Dette var ein potetåker før elva gjekk over sine bredder

2 kommentarer:

Reier sa...

Ikkje rart at du set deg fast med ein så fislete konebil.

Sverre sa...

Me har eit problem, og det er at me ikkje får tak i skikkelige Landcruiser lenger. Men stort sett kjem eg fram der eg vil med denne bilen. Kva køyrer du?