lørdag, januar 02, 2010

Ferie i Ecuador






Nå er me på vei til Peru igjen, etter to flotte veker i Ecuador. Både julafta og nyttårsafta var det middag i hagen, mesterlig tilberedt av Knut Harald. I romjula var me nokre dagar i Manta, og kosa oss ved bassenget og på stranda. Når me kom tilbake til Guayaquil var me med Knut Harald og besøkte D-Miro(mikrokreditt), og nokre av lånekundene deira. Flott å sjå korleis folk som ikkje ville fått lån andre plasser, skaper seg eit levebrød med hjelp frå D-Miro.

Me var og på eit utkikspunkt i sentrum, og fekk sjå Guayaquil ”buy night”, og me var i ein park og såg masse iguanar, festlige dyr. Ellers var det bading og leiking i nærområdet, og eit par tenniskampar. Ungane fant tonen og kosa seg saman.

Nå sit me på flyplassen i Guayaquil. På vei inn hit vart Silas stoppa i tollen, han hadde med seg eit par brukte rakettar:)

3 kommentarer:

Islandur sa...

Var de langt frå Cuenca? Søstera mi, Rannveig, er der!

Inger Lise sa...

Takk for kjempekjekt besøk!

Sverre sa...

Me var stort sett i Guayaquil, trur det er ca 4 timar å køyra.
Kva gjer Rannveig på der?