mandag, april 06, 2009

Litt forskjellig



Nå er det ei stund sidan sist eg blogga, ska prøva å oppdatera litt oftare. Me har vore i Arequipa på konferanse, og hadde fine dagar der. Ola Tulluan hadde bibeltimar, og misjonssekretærane frå Norge og Danmark var og på besøk. Det var forhandlingar, info frå kyrkja me arbeider saman med, god mat og ein del kaffi.


Før konferansen var ferdig reiste nokre av oss på kurs til Bolivia. Les meir om det her
På fredag reiste eg til Cusco for å vera med ungdommane i Luteranos al toque på leir. Eg fekk bare med meg første dagen, for på laurdag fekk me besøk av fam Hovda Dobbe frå Ecuador. Det var veldig kjekt å sjå dei igjen.

Ingen kommentarer: