søndag, mars 01, 2009

Karneval


Dette er tidlig på dagen, seinare var det fullt av folk opp mot Cristo Blanco


I dag har det vore stor fest på ein høyde rett ved der me bur(halvveis til Cristo Blanco). Det er karnevalstid, og i dag har det vore dansekonkurranse der oppe.
Kva er karneval? Her i byen er det ein stor og viktig fest. Ordet karneval betyr mest sannsynlig "farvel til kjøtet". Det er ein fest som feires ved inngangen til fasten.


Den starta ikkje her i Sør-Amerika, men i Europa, og feires i alle katolske land.
Det var opprinnelig ein fruktbarhetsfest som den katolske kyrkja ikkje klarte å få folk til å slutta med, så då prøvte dei heller å fylla den med eit anna innhold.
Det kan sjå ut som om det har vore ein slags fruktbarhetsfest her og før, for folk her betaler til Moder Jord og ber om ei god avling.

Det som er typisk her i Peru er at dei leiker med vatn, gjerne gutar mot jenter med vannballongar, vannpistolar og bøtter. Det er uskyldig moro.


Men her blir denne festen som dei fleste andre festar, til ein fest med alt for mykje drikka.


I dag var det avslutning på bibelskulekurset på bibelskulen, det har vore ein flott gjeng der nå i februar. Ein som kom frå Chiclayo i nord-Peru fekk koma tilbake til Jesus. Det var flott å høyra, les om han her

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei
Det er så kjekt å følge med dere....
Endelig har jeg fått til det med kommentar.....skikkelig treige ser dokke
Hilsen Kjersti i Misjonssalen