mandag, juli 21, 2008

Ny bil


Som ein del av dykk veit, så synes eg at det er kjekt med bilar. Og eg synes det er kjekt å prøva litt forskjellige kjøretøy. Denne månaden har eg disponert den nyaste bilen misjonen har. Ein Toyota Fortuner firhjulstrekkar. Det er ein flott bil. Sjølv om den Landcruiseren me har hatt til nå, er litt meir traktor, så trur eg at eg skal koma fram dei fleste plasser med denne og.

Sist helg var eg i Moho, det er der det er dårligast vei. Eg kjende eg dunka nedi av og til, men ellers fungerte den glimrande.

På vei heim frå Moho, låg eg bak ein lastebil på ei lang sletta. Eg la meg ut og ga gass for å koma raskt forbi. Då seier ein eg hadde med meg i bilen: Hål. Eg bremser det eg kan og svinger inn i min egen kjørebane. Det smell og me hopper i stolane. Når eg stopper og ser på hålet, så har dei grove ei grøft på ein meter over halve veien, og det var rett før eg sette nasen nedi den.

Bilen såg heldigvis like heil ut! Når eg kom heim såg eg at den hadde fått ei skrapa under støtfangaren og ein trøkk under stigbrettet, men det kunne vore mykje verre!

1 kommentar:

Anonym sa...

Åh jøye meg, godt du ikkje trynte der óg hoho.. :o)
Fin bil!