fredag, juli 18, 2008

I Jungelen









Dei første dagane i juli tok me med dei tre eldste og reiste til jungelen. Me tok fly frå Cuzco til byen Puerto Maldonando. Der vart me henta i buss og køyrd til elva, så reiste me 1 og ein halv time på elva Madre de Dios før me kom fram til plassen me skulle bu.

Når me satte oss i elvebåten, kom det ein og helsa på oss. Det var ein som har vore misjonær i Peru som var reiseledar for ei gruppa med nordmenn.

Då me kom fram til "lodgen"(hotellet), fekk me mat, så fekk me sjå hyttene me skulle bu i, før me for ut på første utflukt. Det var til ei øy med masse apekattar. Guiden hadde med bananer, og me fekk sjå forskjellige typar apekattar.

Om kvelden reiste me ut på elva for å sjå caiman, ein liten krokodille. Dei såg me mange av dei dagane me var der.

Den dagen då me såg mest spanande dyr, reiste me oppover ei lita sideelv til Madre de Dios. Me gjekk av båten og gjekk ein tur i jungelen. Ein plass var det eit hål i jorda, og der stakk guiden inn ein pinne, og så kom det ut ein tarantella. Etter ei lita stund kom me til ein plass, der det låg ein giftig slange og ruga på egga sine. Så gjekk me i båten igjen, og reiste lenger opp i elva for å fiska. Han som køyrde båten, fekk ein Piraya! Så reiste me litt lenger ned igjen, og rett før me stoppa, såg me ein liten krokodille som hoppa uti elva.

Så var det å hoppa uti elva me hadde fiska piraya i. Slikt sett ein spiss på badet. Silas likte best å bada i sorpa på elvebredden, men me andre leika Tarzan med eit tau og slengte oss uti elva.

Den siste dagen var me på ein ganske lang tur, der me både gjekk og padla. Me såg og høyrde mange forskjellige fuglar og dyr, men det eg kjem til å huska best er den eg ikkje såg. Me padla i ein liten innsjø langt inni jungelen, me såg skilpadder, caimanar og forskjellig. Så seier plutselig guiden "forsiktig" og padler raskt ut frå ei lita vik, Anaconda! Nokre få meter frå oss var ein 6-7 meter lang anaconda. Dei som sat bak i båten såg den, men ikkje eg! Me høyrde den bevega seg, og såg graset bevega seg, men den forsvann litt for fort. På veien heim den dagen høyrde me eit fælt rabalder i skogen innforbi stien der me gjekk. Då var det villsvin som herja på. Dei kan vera aggresive, så det var visst godt dei ikkje såg oss.

Det var nokre opplevelesesrike dagar, og "lodgen" me budde på var flott. God mat og fint område.
Nettsida til lodgen me budde på finn du på denne linken: http://www.ecoamazonia.com.pe/
Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei:)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Åh, fy søren, eg grøsse - Anaconda!!!! Eg hadde besvimt!
Men så kjekt å få oppleve alt dette då, va fine de skilpaddene.
En minneverdig tur ja..
Broderen hilse ;)

KMogEA sa...

Fy feite.. Dokk e heldig! Den slangen kunna e betalt mykje for å sett i det fri. Håpa ellers dokk har det veldig bra der borte. Har bynt på min 2. arbeidsdag her hjemme, og sida e sitt å skriv på bloggen dåkkår skjønna dokk at det foreløpig e et rolig liv:)

Eli-Anne sa...

For ein tur dåkke hadde! -vi såg ikkje noken av dei skumle dyra når vi var i jungelen vi..:(
Vi skal bli bedre på blogginga altså! -har vore så mykje farting.. Har eindel Perubilder som må ut også, men dei ligg i containeren, som ikkje eg har sett noke til..
Men: vi har det kjempebra her heime! -og håpar dåkke også har det godt der borte/ nede! Hels alle sammen!