onsdag, juni 25, 2008

Litt av kvart

Beklager at eg er litt dårlig på oppdatering for tida, men det er ikkje så inspirerande å jobba med ein gammal, treg PC. Men det skjer nå litt av kvart likevel.
Me har hatt besøk av 2 koselige ektepar frå Flekkerøy i helga. Dei var på ferie, og skulle videre til Bolivia der det eine paret har vore lærerar på den norske skulen.
Tor Egil og eg reiste til Crucero på laurdag kl 6!! Me var bedt om å undervisa kvart sitt emne på ei samling der. Me køyrde ein ny firhjulstrekkar som misjonen har kjøpt, ein Toyota Fortuner. Sprek og god bil. Me var på ein skule eit stykke før Crucero. Det skulle begynna 9, og me starta ca 10.30. Det har eg faktisk slutta å irritera meg over. Me hadde bibeltimane våre med ein pause imellom, og så var det deilig middag. Eit stort stykke alpakkakjøt og gode poteter som dei baker i ein jordovn. Snadder.
Før me reiste heimover, var me med å spela volleyball.

I går fekk me koselig besøk av fam Harestad og ein familie som dei har på besøk frå Sokn. Det var bror til Margareth og familien. Dei kom frå Cusco, og var litt halvsjuke. Men dei fleste var oppegåande. David og Peter fekk vera med dei på Titicacasjøen i dag. Det var stas.
Ellers så feira me St Hans på skulen i går, med bål, pølser, kaffi og kaker. Og fint ver!

I dag har me jobba litt med hytta til Silas og Karl-Andreas og hatt vafler og kaffi etterpå.

Det var litt av det som har skjedd i det siste. Me har og vore i Arequipa og hatt skuleavslutning og tatt avskjed med ein del folk som reiste heim.

Det er så stress å legga ut bilder nå, så eg får koma sterkt tilbake når eg får den nye PC-en. Den er komen til Lima.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei alle saman!

Koseleg å lesa om koss de he det om dagane. Alle har vorte så store. Eli Grete og eg sit her og koser oss med SOlveig sin blogg. Det er nok trist når læraren Elisabeth, skal reisa til Norge att. I Goa huset står det bra til. Alle borna våre er heime, veldig jillt. Dvs KAren er på Skjærgårds denne veka. ALlle har sommarjobb og tener til livets opphold. Eli GRete må ha ekstra mykje denne sommaren for ho har bestillt billett til Bolivia 2.sept. Skal vera på Barneheimen til HAnne Bårdseth. UL på Ålgård snart med Brikt som kasserer og fruå vaske doene!! Dette vart eit brev visst. Men eg klarer ikkje fatta meg i korthet. Fortsatt god sommar/vinter.

heisann dokke!
Nå har vi fått datamaskin og trådløst nettverk. Terese og Gabriel er her og hjelper oss. Nå kan vi jo kanskje holde kontakt via mail. Adressen vår er: arnfinngilje@gmail.com

hilsen arnfinn og martha