fredag, september 28, 2007

Flytting og pizza


Denne veka har me hatt ei samling med alle misjonærane på feltet. Me har hatt bibeltimar, og forskjellige tema som me har samtalt om. Det har vore fint å vera saman.

Denne helga satser me på å koma oss til Juliaca. Det er mulig at eg og nokre av gutane køyrer, og at Brith-Jorunn og dei minste tar fly opp.

Det er haustferie på skulen neste veka, så det blir ein mjuk start på fjell-livet for skuleungane våre. Men dei gleder seg til å koma på plass der me skal bu nå.

Det skal vera eit pastorkurs i Juliaca neste veka. Der rekner eg med å treffa ein del folk som eg kan snakka med, og planlegga litt korleis eg skal jobba i sonene på fjellet. Kjenner at eg gleder meg til å koma i gang nå.

Det er lett å finna på negative ting å sei om Juliaca, men eg prøver å fokusera på det positive. Og noko som eg gleder meg til å nyta i Juliaca er ein utrulig god pizza. Me hadde oss eit par sist veka når me var oppe med flyttelasset. Snadder!

Eg er litt usikker på kor mykje oppdatering det blir heilt med det første, for eg trur ikkje eg har internett i huset i Juliaca ennå. Men det blir høgt prioritert å få på plass så fort som mulig!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Den som venter på noe godt venter ikke forgjeves....Kjempespennende å følge dere. Bernt satte utrolig stor pris på tlf samtalen med Peter idag, vi har prøvd å ringe et par ganger, men kommer ikke fram, skal vi bruke samme nr fortsatt når dere flytter? Lykke til med alle utfordringene som står foran dere, vi tenker på dere!Hilde Helland (og Bernt)

Anonym sa...

Høyres ud t atte åkke har det bra. Ønske god tur og lykke til. Tenke på dåkke, og ber for dåkke.
Klem

Sverre sa...

Til Bernt og mor.

Takk for det. Håpe dokke har det fint i Spania. Dokke kan bruka same nr i Juliaca og. Nå er me på plass og har nettopp fått internett i hus!

Til Inga.
Takk for d. Hels gjengen din!