mandag, september 28, 2009

Fullt hus i Azangaro



Dette vart ein gledens dag. Me har vore over eit år i Azangaro, og det har ikkje vore mange som har kome på møtene me har hatt kl 10. Men nokre har alltid kome.
Ei stund har me tenkt på å prøva med ettermiddagsmøte, sidan det er torgdag på søndagane og mange er svært opptatt med kjøp og salg om morgonen.
I dag begynte me med møte kl 15.30, og kyrkja vart full av barn og vaksne. Me hadde med oss eit par ungdommar som hadde dukketeater, og som hjalp oss med musikken.
Det var så utrulig kjekt å sjå at kyrkja vart full. Hu dama som me leiger hos, gjekk å henta ein ekstra benk, slik at alle skulle få sitja.
Nå håper me og be om at dei som kom i dag, vil koma igjen, og at Guds Ord kan få gjera sin gjerning i hjertene deira.

Mika syntes møte drog ut, og fann ein triciclo han kunne setta seg i

onsdag, september 23, 2009

Leik, moro, knall og fall


Solveig og Mika har mykje moro saman. Noko som er populært er å sjå seg sjølv i speilet, og synga eller gjer grimaser.

Etter middag tar ofte Juanan dei med til skulen der dei leiker ute, med dissa, rutsjebane og vipper.
I dag var det kappspringing på eit fortau, og Mika var litt uheldig. Han datt og kutta handa si på ei blikkplata. Me måtte ennå ein gang til stam-sjukehuset vårt, og han måtte sy tre sting.

mandag, september 14, 2009

Skulen i Juliaca

Les om livet på den norske skulen i Juliaca på Mulelid sin blogg. Klikk her.

søndag, september 13, 2009

Lampa




I dag tok heile Juliaca-gjengen seg ein tur til Lampa. Då me kom fram, tenkte me å sjå den gamle kyrkja der, men den åpna ikkje før 14.30. Då tok me turen ned til elva, og hadde kaffi og nista der. Nokre damer hadde trøbåtar det gjekk an å leiga, og me tok oss ein liten tur på elva i dei.
Så var det tid for å sjå kyrkja. Den var ferdig i 1685, og bygd på ein plass som var ein hellig plass for folk i Ccolla-kulturen(pre-inca). Fleire ting i kyrkja var kome frå Roma. Me var nede i nokre katakomber, der det var ein del hodeskallar. Folk ofrer til dei for å få kontakt med dei døde.
Til slutt kom me til eit slags gravkammer, der det var ein mengde hodeskallar og ein heil del komplette skjelett. Noko spesielt, og ganske ekkelt, som Silas sa.
På vei heim var me innom ein liten innsjø, og såg på flamingoar og åt litt snadder. Ein fin tur.



fredag, september 11, 2009

Travel veka

Illustrasjonsbilde: Til v. kyrkja i Crucero, til h. skulen "Siervos de Dios"

Den siste veka har det skjedd mykje. Brith-Jorunn og Randi reiste til Cusco på dameleir sist torsdag. Der var dei samla 120-30 damer, og budde på ein fin plass i utkanten av Cusco. Bussturen heim på søndagskvelden vart ikkje heilt etter planen. Bussen stoppa kvar halvtime for å fylla diesel. Dei rekna med å vera heima 9-10 tida, men kom ikkje før det nærma seg midnatt.

Brith-Jorunn vart kjent med eit ektepar frå Israel på bussen. Dei var så koselige at dei tok hu med heim! Sidan bussen kom så seint til Juliaca, var det ikkje så lett å reisa videre til Puno. Utruleg kjekke folk, me vart sitjande å snakka med dei til langt på natt. Ikkje heilt lett å snakka engelsk, men det gjekk an.

Når damene var i Cusco, arrangerte med fedre Playstation-kveld og filmkveld. Fin helg.

Mandag reiste eg til Crucero for å feira 24-års dagen til kyrkja der. Det var bra med folk og skikkelig feiring. Møte mandag kveld og tysdag formiddag. Eg fekk og med meg ein volleyballkamp og ein fotballkamp.

Dei to siste dagane har eg vore på møte i CTP(kyrkja si lærenemd).

Ellers kan eg opplysa om at David sin hamster-hann har fått 8 ungar for ei stund sidan, men nå er det 3 igjen. Trur ikkje eg går nærmare inn på kor dei 5 andre er…

Eg har hatt fotoapparatet mitt på service, så eg har ikkje så mange bilder å visa, men eg kjem sterkare tilbake ein annan gang.

fredag, september 04, 2009

Gamle dagar




Eg har sendt foto-apparatet mitt til Arequipa for rens, så eg har ikkje nokre ferske bilder å visa. Så då får det bli eit par frå gamle dagar.

tirsdag, august 25, 2009

Lynet slo ned


Her oppe på høgfjellet har dei stor respekt for lynet. Viss lynet slår ned i eit hus, er det eit teikn på at gudane vil straffa dei. Då må dei ofra til Moder Jord.
Ein ledar i ei kyrkja på landsbygda her opplevde at lynet slo ned i gardsplassen mellom husa hans. Han spurde om me kunne koma på besøk for å be for heimen hans. Me reiste ut og hadde eit møte der me snakka om at Bibelen ikkje lover oss at me skal bli fri frå alt som kan skremma oss, men at Han er med oss gjennom alt som kan henda.
Så samla familien seg og me ba om Guds beskyttelse for dei og heimen deira.
Etterpå fekk me servert god mat, både suppa og hovedrett.


Ut på tur

Heile gjengen på tur. Bak Brith-Jorunn sit dei to nye, Elise og Erlend

På laurdag tok me ut på tur med heile misjonærflokken i Juliaca. Me var først på Sillustani, der det er ein del gravtårn frå Inca-tida, og frå ein kultur før Inca-tida som heiter Kolla.
Fin plass med utsikt utover ein innsjø. Me hadde med nista og kaffi, og litt snadder.
Etterpå reiste me til ein plass utforbi Puno og åt middag. Når me skulle prøva å finna ein is til dessert, kom me opp i ein religiøs fylle-fest. Desverre blir festane her ofte til det.

Ein liten unge saman med sine fulle foreldre

fredag, august 14, 2009

Skulestart

Me har vore i Arequipa nokre dagar. På tysdag starta skulen igjen, og det var visst dei fleste klar for. David har fått fornya interesse for hamsterar, og idag var me på eit marked og kjøpte hamster og forskjellig tilbehør. Spennande å sjå kor lenge interessen varer denne gangen:)


fredag, august 07, 2009

Familieforøkelse

Me har kome til Juliaca, og der hadde me ein hund som har blitt til fira mens me var i Norge. Nydelige valpar, men ein hund er egentlig passe. Fira er i meste laget. Nå har me fått plassert 2 av dei, og nokon i familien kjemper for at me skal behalda ein. Me får sjå kva som skjer.



lørdag, august 01, 2009

Tilbake i Peru

Då har me kome tilbake til Peru. Me landa i Arequipa ca kl 21 i går(kl 04 norsk tid), då hadde me vore på reis i nesten eit døgn. Det var kjekt å vera tilbake å treffa gamle og nye venner her.

Sidan sist har me hatt nokre flotte dagar på Varhaug, der me bada i basseng med vannsklie, køyrde go-cart og besøkte og fekk besøk av venner på Jæren.

David, Brith-Jorunn og eg fekk med oss nokre dagar av NLM sin generalforsamling i Bergen, det var inspirerande. Kjekt å møta mange kjente der og, sjølv om det ikkje vart tid til dei lange og djupe samtalane.

Etter det har me vore på Sviland og på Fogn, og kosa oss saman med familie og venner. Me fekk og ein rask tur til Sørlandet før me sette oss på flyet.

Me har hatt ein strålande ferie, takk til alle som var med på å gjera den til ei festreise. Bildene viser eit lite utdrag av kva me har funne på.











fredag, juli 03, 2009

Haifiske og sjøliv

David og Mika på brygga
Peter og BestenMe fekk HAI, den heiter pigghå

Då har me vore på Fogn nokre dagar. Me har vore med sjøen, køyrd traktor, hatt besøk av Peruvenner og fiska hai!
Me nyt det fantastiske sommarveret og mykje god mat. Det er kjekt å bruka tid saman med familie og venner.
Nå er me på Varhaug, og har nokre dagar med tilgang til basseng med vannsklie, ei stor sjørøvarskute og anna kjekt.
Dette er innlegg nr 200 på bloggen, så eg rekner med nokre gratulasjons-kommentarar!
Leon og Silas finn blåbær
Solveig bader
Utsikt frå Hovda

søndag, juni 28, 2009

Ferierapport


Då har me snart vore ei veka i Norge, og her er det strålande sommar. Me har vore hos foreldra til Brith-Jorunn i Noredalen i Sandnes kommune fram til i dag. Me har kosa oss med familie og venner, og vore på nokre kontrollar med Solveig.(men først måtte hu testas for ein resistent bakterie)

I dag reiste me til Fogn(ryfylkes ubestridte perla), og her ser det ut til at sommaren vil fortsetta på ubestemt tid.

Solveig var litt trøytt første dagane i Norge, men er nå tilbake i vanlig form og stil. Set veldig pris på når serveringa er kaker og is, og når hu har mulighet for eit bad.

mandag, juni 22, 2009

Me er i Norge


I går ca kl 17 landa me på Sola, og vart ønska velkommen av familie og venner. Solveig er fortsatt litt slakk, men det hadde eg og vore viss eg hadde låge strekk ut ei veka. Hu et godt og får fortsatt litt medisin. Me er takknmelige for at me fekk reisa samla, det var ikkje sjølvsagt for nokre dagar sidan. Nå er me i Noredalen ei stund, akkurat nå er me på Sunde ein tur. Godt ver og mykje god mat. Me nyte livet!

lørdag, juni 20, 2009

Heimreis

Illustrasjonsbilde frå 17.mai

Då har Brith-Jorunn og gutane begynt på heimreisa. Dei reiste til Lima i dag, saman med fam Hamre og fam Tjelle. Planen er at Solveig og eg reiser til Lima i morgon, og blir med dei til Norge.
I går var det avslutningsfest på skulen, og me fekk ei hushjelp til å sitja hos Solveig slik at me fekk vera med på den. Det var mange flotte innslag av elevane, bl.a "Byen vår", og fleire musikalske innslag. Det var mange flotte prestasjonar av elevane.
Me hadde pizza og brus.
Når eg kom tilbake låg Solveig utan oksygen og med ganske bra 02-metning. Når eg snakka med doktoren rekna han med at me kunne reisa på laurdag, og det satser me på. Då møter me dei andre i Lima, og reiser ein heil gjeng saman til Amsterdam. Så er me på Sola 16.40 på søndag.
Takk for forbønn, kommentarar og mailar.

torsdag, juni 18, 2009

Solveig er på sjukehus


Nå sit eg på eit fint sjukehusrom i Arequipa, med Solveig sovande i ei seng ved sida mi. Hu har vore sjuk over ei veka, med influensa. På laurdag kveld syntes Brith-Jorunn at hu vart så slapp og at hu ikkje var fin i fargen. Hu fekk med seg Randi og Veronika(som var på besøk) og dei reiste til stam-klinikken vår i Juliaca. Der ville dei legga hu inn, for hu hadde lågt O2-opptak. 48!

Brith-Jorunn var saman med hu om natta og hu fekk oksygen, inhalasjon og antibiotika. Me tenkte å prøva å få hu til Arequipa på søndag, men det var ikkje mulig. På mandag ettermiddag vart med fulgt til flypassen av ein sjukepleiar med oksygen-kolbe, og på flyet hadde me og fått ordna det slik at det var oksygen til hu.

Mona tok imot BJ og Solveig her i Arequipa og fekk dei på eit sjukehus her. Doktoren som har ansvar for hu her, er ein flink og erfaren mann. Hu får fortsatt oksygen og ein annan type antibiotika. I natt hadde hu feber, og dei sleit litt med å halda oppe oksygen-nivået i blodet hennas.

Me andre køyrde ned frå Juliaca i dag, og eg tok over etter BJ i ettermiddag. Dei kom med noko rød-graut til kvelds, men det ville ikkje Solveig smaka på eingang. Eg spurde om hu ville ha ris, og det ville hu. Så eg fekk bestilt ein porsjon med ris, og då åt hu litt.

Ellers har hu sett ein video av seg sjølv og andre kjente, og det var populært. Me hadde til og med litt latter og moro ei stund, så det ser eg som eit godt teikn.

Etter planen set me oss på flyet til Norge på laurdag, for å ha ferie i Norge nokre veker. Vil du vera med å be om at Solveig blir frisk, og at me kan reisa som planlagt?

Utsikt frå rommet til Solveig

mandag, juni 08, 2009

Gull og grønne skoger

La Rinconada, verdens høgaste by

Her var det ein som selde ei vekes gullfangst, 9,2 g
Olav, Richard(guiden vår) og Robert
Her fekk me bruk for spaden
San Juan del Oro

Kaffibønner til tørk på gata

MandarinLørdagskos på hostallet
Dalen ned mot Sandia


Denne helga var Robert, Olav og eg på guttatur. Fredag morgon kl 8 reiste me frå Juliaca, og etter ca ein times køyring fekk me første utfordring. P.g.a veiarbeid måtte me ta ei omkøyring som førte oss til ein blindvei, og skulle me videre måtte me kryssa ei elv. Olav vassa uti, og når botnen bar han, tenkte me den ville bera bilen og. Med god bil og utsøkt sjåfør gjekk det bra.
Me reiste til La Rinconada, verdens høgastliggande by, i følge nokre kilder. Det er en gruveby, der folk strøymer til, for der er det gull. Fascinerande plass, mykje i byen er bygd av bølgeblikk, det er ikkje utbygd kloakk, og byen ligg rett under ein stor isbre. Ein av ungdommane i ungdomsgruppa vår jobber der, så me fekk han med som guide. Me fekk sjå korleis dei knuser steinane med gull i, og korleis dei skiller ut gullet med kvikksølv. Me var og inne hos ein som kjøpte gull. Han smelta først gullet til ein klump, så vog han det og betalte 83 soles pr gram(160-170 kr).
Me såg ein del av gruveinngangane, men me fekk ikkje lov å gå inn. Dei førte luft inn i gruvene, som gjekk fleire hundre meter inn i fjellet.
La Rinconada ligg på 5000 m.o.h og det er iskaldt der om nettene.

Etter nokre timar der, reiste me videre mot Sandia, som er Puno sin høgjungel. Me kom fram ca kl 20, etter ein liten omvei av ein av sjåførane på turen.
Robert var svært klar for ”chicharron de pollo”(sprøsteikt kylling), så me tråla byen etter det, men til slutt vart det ein annan kyllingrett kjøpt på ein ”snackbar” på gata.

Neste dag satte me nasen nedover mot ein plass som heiter San Juan de Oro. Det var ikkje veldig langt, men det var ein usedvanlig dårlig vei. Det verste var deler med djupe lastebilspor. Ein plass vart me ståande nesten på tvers i veibanen, og det var eit bratt stup 1 meter framfor bilen. Me hadde tatt med spade, og klarte å lura oss vidare. Etter ei stund møtte me på ei sletta med djupe spor i sorpa. Då var Olav klar til å stikka halen mellom beina, men Robert og eg klarte å lokka han med vidare.
Me nådde fram til målet, det er ein plass der dei dyrker masse frukt. Me såg mest mandarintrær og bananpalmer, men dei dyrker og andre ting, som kaffi og avocado. Me fekk oss ein betre middag til 7 kroner, og tok oss ein liten skogtur før me begynte på tilbakeveien.

Me hadde ein opplevelsesrik tur med ein høgdeforskjell på 3500 meter og ein temperatur forskjell på ca 25 grader.

Når eg kom heim, var 2 av ungane på besøk hos andre, og resten av familien låg strøkne med influensa.

Meir om turen vår finn du HER og HER