fredag, juli 03, 2009

Haifiske og sjøliv

David og Mika på brygga
Peter og BestenMe fekk HAI, den heiter pigghå

Då har me vore på Fogn nokre dagar. Me har vore med sjøen, køyrd traktor, hatt besøk av Peruvenner og fiska hai!
Me nyt det fantastiske sommarveret og mykje god mat. Det er kjekt å bruka tid saman med familie og venner.
Nå er me på Varhaug, og har nokre dagar med tilgang til basseng med vannsklie, ei stor sjørøvarskute og anna kjekt.
Dette er innlegg nr 200 på bloggen, så eg rekner med nokre gratulasjons-kommentarar!
Leon og Silas finn blåbær
Solveig bader
Utsikt frå Hovda

søndag, juni 28, 2009

Ferierapport


Då har me snart vore ei veka i Norge, og her er det strålande sommar. Me har vore hos foreldra til Brith-Jorunn i Noredalen i Sandnes kommune fram til i dag. Me har kosa oss med familie og venner, og vore på nokre kontrollar med Solveig.(men først måtte hu testas for ein resistent bakterie)

I dag reiste me til Fogn(ryfylkes ubestridte perla), og her ser det ut til at sommaren vil fortsetta på ubestemt tid.

Solveig var litt trøytt første dagane i Norge, men er nå tilbake i vanlig form og stil. Set veldig pris på når serveringa er kaker og is, og når hu har mulighet for eit bad.

mandag, juni 22, 2009

Me er i Norge


I går ca kl 17 landa me på Sola, og vart ønska velkommen av familie og venner. Solveig er fortsatt litt slakk, men det hadde eg og vore viss eg hadde låge strekk ut ei veka. Hu et godt og får fortsatt litt medisin. Me er takknmelige for at me fekk reisa samla, det var ikkje sjølvsagt for nokre dagar sidan. Nå er me i Noredalen ei stund, akkurat nå er me på Sunde ein tur. Godt ver og mykje god mat. Me nyte livet!

lørdag, juni 20, 2009

Heimreis

Illustrasjonsbilde frå 17.mai

Då har Brith-Jorunn og gutane begynt på heimreisa. Dei reiste til Lima i dag, saman med fam Hamre og fam Tjelle. Planen er at Solveig og eg reiser til Lima i morgon, og blir med dei til Norge.
I går var det avslutningsfest på skulen, og me fekk ei hushjelp til å sitja hos Solveig slik at me fekk vera med på den. Det var mange flotte innslag av elevane, bl.a "Byen vår", og fleire musikalske innslag. Det var mange flotte prestasjonar av elevane.
Me hadde pizza og brus.
Når eg kom tilbake låg Solveig utan oksygen og med ganske bra 02-metning. Når eg snakka med doktoren rekna han med at me kunne reisa på laurdag, og det satser me på. Då møter me dei andre i Lima, og reiser ein heil gjeng saman til Amsterdam. Så er me på Sola 16.40 på søndag.
Takk for forbønn, kommentarar og mailar.

torsdag, juni 18, 2009

Solveig er på sjukehus


Nå sit eg på eit fint sjukehusrom i Arequipa, med Solveig sovande i ei seng ved sida mi. Hu har vore sjuk over ei veka, med influensa. På laurdag kveld syntes Brith-Jorunn at hu vart så slapp og at hu ikkje var fin i fargen. Hu fekk med seg Randi og Veronika(som var på besøk) og dei reiste til stam-klinikken vår i Juliaca. Der ville dei legga hu inn, for hu hadde lågt O2-opptak. 48!

Brith-Jorunn var saman med hu om natta og hu fekk oksygen, inhalasjon og antibiotika. Me tenkte å prøva å få hu til Arequipa på søndag, men det var ikkje mulig. På mandag ettermiddag vart med fulgt til flypassen av ein sjukepleiar med oksygen-kolbe, og på flyet hadde me og fått ordna det slik at det var oksygen til hu.

Mona tok imot BJ og Solveig her i Arequipa og fekk dei på eit sjukehus her. Doktoren som har ansvar for hu her, er ein flink og erfaren mann. Hu får fortsatt oksygen og ein annan type antibiotika. I natt hadde hu feber, og dei sleit litt med å halda oppe oksygen-nivået i blodet hennas.

Me andre køyrde ned frå Juliaca i dag, og eg tok over etter BJ i ettermiddag. Dei kom med noko rød-graut til kvelds, men det ville ikkje Solveig smaka på eingang. Eg spurde om hu ville ha ris, og det ville hu. Så eg fekk bestilt ein porsjon med ris, og då åt hu litt.

Ellers har hu sett ein video av seg sjølv og andre kjente, og det var populært. Me hadde til og med litt latter og moro ei stund, så det ser eg som eit godt teikn.

Etter planen set me oss på flyet til Norge på laurdag, for å ha ferie i Norge nokre veker. Vil du vera med å be om at Solveig blir frisk, og at me kan reisa som planlagt?

Utsikt frå rommet til Solveig

mandag, juni 08, 2009

Gull og grønne skoger

La Rinconada, verdens høgaste by

Her var det ein som selde ei vekes gullfangst, 9,2 g
Olav, Richard(guiden vår) og Robert
Her fekk me bruk for spaden
San Juan del Oro

Kaffibønner til tørk på gata

MandarinLørdagskos på hostallet
Dalen ned mot Sandia


Denne helga var Robert, Olav og eg på guttatur. Fredag morgon kl 8 reiste me frå Juliaca, og etter ca ein times køyring fekk me første utfordring. P.g.a veiarbeid måtte me ta ei omkøyring som førte oss til ein blindvei, og skulle me videre måtte me kryssa ei elv. Olav vassa uti, og når botnen bar han, tenkte me den ville bera bilen og. Med god bil og utsøkt sjåfør gjekk det bra.
Me reiste til La Rinconada, verdens høgastliggande by, i følge nokre kilder. Det er en gruveby, der folk strøymer til, for der er det gull. Fascinerande plass, mykje i byen er bygd av bølgeblikk, det er ikkje utbygd kloakk, og byen ligg rett under ein stor isbre. Ein av ungdommane i ungdomsgruppa vår jobber der, så me fekk han med som guide. Me fekk sjå korleis dei knuser steinane med gull i, og korleis dei skiller ut gullet med kvikksølv. Me var og inne hos ein som kjøpte gull. Han smelta først gullet til ein klump, så vog han det og betalte 83 soles pr gram(160-170 kr).
Me såg ein del av gruveinngangane, men me fekk ikkje lov å gå inn. Dei førte luft inn i gruvene, som gjekk fleire hundre meter inn i fjellet.
La Rinconada ligg på 5000 m.o.h og det er iskaldt der om nettene.

Etter nokre timar der, reiste me videre mot Sandia, som er Puno sin høgjungel. Me kom fram ca kl 20, etter ein liten omvei av ein av sjåførane på turen.
Robert var svært klar for ”chicharron de pollo”(sprøsteikt kylling), så me tråla byen etter det, men til slutt vart det ein annan kyllingrett kjøpt på ein ”snackbar” på gata.

Neste dag satte me nasen nedover mot ein plass som heiter San Juan de Oro. Det var ikkje veldig langt, men det var ein usedvanlig dårlig vei. Det verste var deler med djupe lastebilspor. Ein plass vart me ståande nesten på tvers i veibanen, og det var eit bratt stup 1 meter framfor bilen. Me hadde tatt med spade, og klarte å lura oss vidare. Etter ei stund møtte me på ei sletta med djupe spor i sorpa. Då var Olav klar til å stikka halen mellom beina, men Robert og eg klarte å lokka han med vidare.
Me nådde fram til målet, det er ein plass der dei dyrker masse frukt. Me såg mest mandarintrær og bananpalmer, men dei dyrker og andre ting, som kaffi og avocado. Me fekk oss ein betre middag til 7 kroner, og tok oss ein liten skogtur før me begynte på tilbakeveien.

Me hadde ein opplevelsesrik tur med ein høgdeforskjell på 3500 meter og ein temperatur forskjell på ca 25 grader.

Når eg kom heim, var 2 av ungane på besøk hos andre, og resten av familien låg strøkne med influensa.

Meir om turen vår finn du HER og HER

fredag, juni 05, 2009

Peter 10 år


I dag fyller Peter 10 år. Me feira litt på onsdag, slik at me fekk feira før folk begynte å reisa frå oss. Vil du gratulera Peter, trykk på "kommentarer" og skriv ei helsing.

mandag, mai 25, 2009

Evangeliseringstur



Torsdag morgon reiste me ein gjeng frå Juliaca for å ha ein evangeliseringskampanje i ei bygd utforbi Azangaro.

Me kom fram til Ticani, og der venta Quintin og Julia på oss. Dei er eit par som kjem i kyrkja vår i Azangaro. Ei nydelig bygd, med fine åsar, nokre tre og ein saltsjø rett nedforbi husa deira.

Me fekk quinua-graut med melk og ost, og ein porsjon som eg verkeleg måtte kjempa for å klara å eta opp. Me gjekk ein tur ned til saltsjøen, og såg koss dei vann ut salt og lagra det i haugar dekka med jord.

Så var det tid for å invitera folk til møte. Tre grupper gjekk frå hus til hus og inviterte folk til møte og delte ut traktater.

Møtet skulle begynna 18.30. Når det nærma seg kom det ein heil del folk, og til slutt var det over 20 personar. Me sang nokre sangar, så hadde Mauro ein tale, der han snakka om den smale og den breie vei. Han spurte om det var nokon som ikkje hadde vore på eit evangelisk møte før, og 4 rakte opp hånda. Mot slutten av talen spurte han om det var nokon som ønska å ta imot Jesus, og då kom det fram to damer og ein ung gut. Det var fantastisk å sjå. Me ba for dei, og andre som ba om forbønn.

Me slutta av kvelden med å visa ein film som understreka at det viktigaste i livet er å ta imot Jesus.


s.



onsdag, mai 20, 2009

Superblinkblogg


Etter ei stund med skrivetørke, har både David og Peter lagt ut nye innlegg på Perubloggen på Superblink. Les innlegga her

tirsdag, mai 19, 2009

17.mai

Me hadde ein flott 17.mai i Juliaca. Programmet begynte på den norske skulen her kl 11. Me gjekk i tog, sang nasjonalsangar og høyrde tale som 6.klasse hadde laga. Me hadde andakt og fekk og litt stemning frå Norge via nett-TV på storskjerm. Så var me ute og hadde ein god middag.
På ettermiddagen var det mange kjekke leiker, gjettekonkurranse, kiosk og isvogn. Me fekk og besøk av nokre peruanske venner.
Me hadde kaffi og kaker, og avslutta programmet med premieutdeling.








Ein i tredveåra og ei i førtiåra hopper i sekk!

søndag, mai 10, 2009

240-års dag!

Brith-Jorunn og Olav underholdt med nydelig sang til jubilantane

I misjonærflokken er det mange som fyller runde år dette året. Derfor bestemte me oss for at me ville ha ei felles feiring av alle. Me reiste til ein fin plass utanfor Puno som heiter Chucuito. På eit hotell der åt me godt og hadde det kjekt.
Me gjekk ein tur opp i åsane oppforbi plassen der me var, og fekk ein flott utsikt over Titicacasjøen.

Utsikt frå hotellet
Ut på tur
Brith- Jorunn syntes denne var så søt!

onsdag, mai 06, 2009

Bra artikkel!

Fekk høyra om ein bra artikkel om Downs-folket. Den sto i Stavanger Aftenblad på laurdag. Den er og lagt ut på bloggen til Arnt Olav Klippenberg, les den her.

tirsdag, mai 05, 2009

Feiring

På laurdag ettermiddag var det 4-dobbel bursdagsfeiring på den norske skulen, med god mat, leik og kaffi. Les meir om dette her
På søndag var det fullt av folk i åsen rett ved der me bur. Den heiter 3 de Mayo(3.mai) og den dagen møter folket opp der for å få del i velsignelsen for året som ligger framfor. Les meir om dette her

mandag, april 20, 2009

Silas 7 år


I dag er Silas 7 år. Han vart vekka med nydelig sang og presangar. Etter frukost reiste han, David, Peter, Solveig og Brith-Jorunn til Arequipa. Der skal dei ha fellesveka med den norske skulen i Bolivia. Vil du gratulera han, kan du trykka på "kommentarer" og skriva ei helsing.

Nebbete høner





Mika hadde seg ein tur i hønegarden for ei stund sidan. Det var svært så idyllisk ei stund, men så vart hønene litt vel nebbete, og Mika trist og lei.

torsdag, april 16, 2009

Link

Inger Lise har skrive om den storarta ferien i Peru, sjå her

tirsdag, april 14, 2009

Tur til Colca





Fam Dobbe


På onsdag morgon reiste me til Colca, og låg på eit fint hotel der. Det var mulig å ri, og det var stor stas for ungane. Eg fekk utdelt den absolutt tregaste gamle merra eg har møtt i mitt liv, den ville knapt nok gå i vanlig gangfart.
Etter ridetur var det tid for bading i basseng med vatn frå varme kilder. Det var godt, og ungane storkosa seg. Me hadde deilig middag før me begynte å stappa ungane i seng.
Neste morgon starta me med frukost 5.30. Eg liker å starta dagen tidlig for å få mest mulig ut av dagen. Etter frukost køyrde me ei times tid til ein plass der det skal vera mulig å sjå kondoren. Og me var heldige, og fekk sjå ein heil del kondorar på nært hold.
Så var det tilbake til hotellet for eit siste varmt bad og litt mat, før me tok ut på heimturen.

Besøket vårt frå Ecuador forlot oss på laurdag kveld. Det var kjekke dagar me fekk saman. Me har begynt å gleda oss til jul!