lørdag, september 22, 2007

Flyttelasset er i Juliaca






Torsdag morgon reiste me til Juliaca med flyttelasset til alle som skal bu i Juliaca. Det vart to store, og ein liten lastebil. Lasset var fullt av senger, stolar, bord, pultar, sofaer, syklar og andre ting me treng i husa og skulen i Juliaca.

David og eg var med frå vår familie. Det var mykje jobbing i tynn luft, men det gjekk godt. Me fekk alt i hus, og skrudde saman sengene, slik at det er klart til me reiser opp med heile gjengen.

Det var kjekt å vera i Juliaca igjen etter meir enn 6 år. Ganske likt som før, men litt forandring var det. Ringveien var blitt ein god vei, og i sentrum var det litt nytt. Fortsatt masse sykkeldrosjar(triciclo).

Huset vårt var veldig greit, med god plass og stor uteplass. Skulen var og flott. Stor tomt, og gode rom til skulebarna og Solveig.

Me var i Juliaca to dagar, reiste ned fredag kveld. Sist me budde i Peru, måtte me rekna ca 8 timar i kjøretid på turen. Nå var det ny, flott vei, og me køyrde på litt over 3,5 time. Det var ein flott tur, med både lama, alpaca og vicuña langs veien. Høgaste punkt er 4528 m.o.h.
Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei:)

mandag, september 17, 2007

Aktiv krabat


Mika er i ein aktiv periode av sitt liv. Han liker best å vera i nærheten av mamma. Men ser han at porten er oppe til trappa, er han rask avgårde. Og kjem han langt opp i trappa før han blir oppdagt, ser me eit svært fornøgd fjes.

søndag, september 16, 2007

Ny sofa



Me bestilte sofagruppa for nokre veker sidan. Den var ferdig for nokre dagar sidan, men då var den ikkje heilt slik me hadde bestilt. Me diskuterte litt, og vart enige om at dei skulle prøva å ordna den så den vart slik som me hadde blitt enige om. David, Silas og eg reiste opp i går, og då var den slik den skulle vera. Me tok med oss ein sofa og ein stol på ein pick-up, så tok me ein sofa og ein stol på taket av ein bil.

fredag, september 14, 2007

Vaffelsalg


I går var alle misjonærane i Arequipa innbudt til å kjøpa vafler hos oss. Det var Silas og Karl Andreas som inviterte. Dei har ein plan om å bygga hytta i Juliaca, og då treng dei litt startkapital til å handla materialer for. Det var mange vaffel-svoltne folk, så det vart god butikk for hyttebyggerane.

torsdag, september 13, 2007

Forandring i planane


Me hadde tenkt å flytta til Juliaca denne helga, men nå blir det ikkje ennå likevel. Solveig har feber og bronkitt, og i følge doktoren bør me ikkje reisa opp på ei veka ennå. Det var ein nedtur, for nå var me veldig klar for å reisa. Men me kan ikkje gjera noko med det.

Me satser på å få sendt flyttelasset opp i midten av neste veka, og så flytter me opp heile gjengen litt etter det.

lørdag, september 08, 2007

Første frisørklypp



I dag var det Peter sin tur å gå til frisøren. På vei bort dit sa han til meg: Eg har aldri vore hos frisør før. Då var det på tide. Det kosta 16 kr, men det var det verdt. Mika var med, og sat i vogna og kika. Han var så rolig, at når Peter var ferdig, fann eg ut at eg kunne trenga ein klypp eg og. Så nå er me så hårfagre som aldri før i familien.

torsdag, september 06, 2007

Sporty lærerar


Det er tre lærerar som skal vera knytta til skulen i Juliaca. Det er dei nygifte: Eli-Anne og Kjell Magne.(1 og to frå høgre på bildet) Dei skal bu i Juliaca. Så er det Jeanette(uttales på karmøysk dvs janette). Hu skal koma opp til fjells ei veka i månaden. I tilegg skal Elisabeth(sjå Solveig sin blogg) ha nokon timar på skulen. Alle desse fira er spreke, unge folk. Dei har dratt i gang misjonærtrim kvar torsdag kveld. Det er fotball i ein av parkane i nærheten her. Dei store ungane er og med på den. Nå ser me bare fram til litt skikkelig høydetrening. Dette er bare 2340 m.o.h.

onsdag, september 05, 2007

Familiemøte




I dag hadde me familiemøte for misjonærfamiliane her i byen. Me fekk høyra om Paulus og Barnabas som vart uenige. Og det var mange som kjente seg igjen i det.


Dagens minnevers er noko me godt kan legga oss på minne, både store og små:


Ef 4:32 32 Vær gode mot hverandre, vis barmhjertighet så dere tilgir hverandre, likesom Gud har tilgitt dere i Kristus!


Dei største ungane på skulen hadde eit opptrinn der den dramatiske fortellingen om den barmhjertige samaritan vart levande for alle som fekk følgja med.


Og så var det ein overraskelse: Blåveisbamsen kom på besøk! Det slo an.


Til slutt hadde me kveldsmat.


søndag, september 02, 2007

Agua es vida



Agua es vida

Dette var mottoet til vannverket her i Peru sist me var her. Kanskje har dei det ennå. Det betyr vatn er liv. Når me bur i eit tørt ørkenområde, blir det så tydelig at vatn er heilt nødvendig for alt liv. Det er ein del parkar her i byen, og dei må vatnast jevnt og trutt, viss det skal veksa og blomstra der. Dei har nokre kreative vannsprederar.

Me har reist til Peru for å vatna eit tørt ørkenland med levande vatn. Då kan det bli liv, og ikkje berre det, men då kan nokon få evig liv.

Joh 4:10:
Jesus svarte og sa til henne: Kjente du Guds gave, og visste du hvem det er som sier til deg: Gi meg å drikke - så hadde du bedt ham, og han ville gi deg levende vann!

Eg synes dette verset seier noko om kva me skal gjera med Jesus, nemlig ta imot gaven Gud vil gi oss. Og at Han vil gi levande vatn til alle som ber Han om det.

lørdag, september 01, 2007

Mannen som skulle stelle heime


I dag har vore ein knallhard dag. Brith-Jorunn reiste til Juliaca kl 07 i dag tidlig og kom igjen kl 21.30. Og her var det sjukestova. Mika hadde mest ikkje sove om natta, han hadde feber. David var vond i magen og var heime frå skulen. Når Solveig kom heim, ville hu ikkje ha middag(sikkert teikn på at hu ikkje er i form). Når hu hadde kvilt, kjende eg at hu var varm i hovudet. Middagen kom kjørande på motorsykkel, god kinamat. Det var ein travel dag på heimefronten, men nå er den over.

Brith-Jorunn var oppe og inspiserte huset, og det såg ikkje verst ut. Det ser litt verre ut med hus til lærerane våre og den andre familien som skal bu i Juliaca. Så der har dokke eit konkret bønneemne. Me har tenkt å flytta opp om eit par veker, men då treng me nok hus.


Huset me skal bu i er ganske stort, har stor uteplass, og det er og ein grei leilighet til Elisabeth i det.

fredag, august 31, 2007

Check out my Slide Show!

Barnehage




Ein dag sat Brith-Jorunn og snakka med David og Peter om korleis det var på skulen. Hu spurde dei om dei følte seg utanfor. Då bryt Silas inn i samtalen: Eg føle meg utenfor når alle dei andre går på skulen, og til og med Solveig går.

Me spurde han om han ville gå i barnehage, og det ville han. Nå har han vore nokre dagar der, og i dag var heile familien invitert for å eta middag i barnehagen hans. Det var koselig.

Når Silas skal i barnehage, kjem dei å henter han i noko som virkelig er ein minibuss. Det er fleire andre norske ungar i barnehagen, så han kan kommunisera verbalt med nokre. Ellers er jo ein stor del av all kommunikasjon nonverbal. Og det er Silas ganske god på.

tirsdag, august 28, 2007

Etterlysning


Ingen av dei som etterlyste bilde av seg sjølv, var spesielt fornøgde med bildene eg sendte ut på nettet. Så dei er blitt sletta og gløymt. Nå er det forresten ei heil stund sidan eg har lagt ut bilde av meg sjølv. Synd viss de gløymer ut korleis eg ser ut! Her er eit av meg og Silas når me var i Danmark i sommar. Silas har forresten begynt i barnehage denne veka. Han går ein plass der det er nokre andre som snakker norsk, så då var visst det topp.

søndag, august 26, 2007

Eg vil ha ein liten hund









I ettermiddag var me på eit marked her i byen der dei sel frukt, planter og forskjellig. Det er ingen tvil om kva som slo best an i familien, det var valpar. Dei var så klar for å få seg ein hund, at det spørs om me ikkje må skaffa oss ein når me flytter til Juliaca.



Når me hadde rive oss laus frå valpane, og hadde handla litt frukt, gjekk eg og dei tre eldste inn i ein hall der dei sel kjøt. Der var det nesten slutt for dagen, men me fekk nå sjå nokre eksotiske råvarer. Eit kuhode til å koka suppa på, eller eit ferdig slakta marssvin. Det var litt av ein apetittvekkar før me gjekk heim og åt pizza.




onsdag, august 22, 2007

Barndomsminne




I dag var Silas og eg ein tur i ein park i nærheten. Me sparka litt fotball og leika oss. På vei heim frå parken såg eg noko som vakte gilde barndomsminner til live: ein Volkswagen Variant. Når eg var liten, hadde me to slike, først ein blå og så ein kvit(eller var det motsatt). Motoren ligg bak i bagasjerommet(som bobla), så det var ikkje alltid det beste innemiljøet. Men med godt humør klarer ein å leva med litt eksos og bensindamp.


Til slutt ei lita oppfordring: Under kvart innlegg frå meg står det: comment. Klikker du på den, kan du legga igjen festlige kommentarar. Det vil inspirera meg voldsomt å få litt fleire av dei!


mandag, august 20, 2007

Glasbyggestein




Før me reiste frå Norge bygde eg ein dusjvegg av glasbyggestein, og var ikkje så lite kry over at den vart nære på heilt bein. Eg skal innrømma at eg fekk litt hjelp(takk Bjarte og Jan Erik). Men så kjem eg til Peru, og oppdager at her er dei opptil fleire hakk meir kreative og flinke enn meg. I huset me bur i nå, er det ein plass dei har golv av glasbyggestein! Det får eg prøva på når eg kjem heim. Kan henda eg treng litt hjelp då og!

søndag, august 19, 2007

Taxi




Det er billig å ta drosje her, så det gjer me fleire ganger i veka. Og dei aller fleste drosjane her er nokon mini-bilar som dei kaller for Tico. Trur det er ein koreansk småtass. Nå skal eg fortella noko som du ikkje må sei til nokon. Vår vesle familie på sju, ei lita trille og eit handlenett har vore samtidig inni ein sånn!

lørdag, august 18, 2007

Søppel



Når me reiste frå Nærbø, hadde me 5 søppeldunkar. Frå venstre: papir, bleier, rest, mat og plast. I tilegg til det måtte me sortera glas og metall og levera for seg. Me vart ganske gode til å sortera etter kvart.

Men etter to veker i Peru, går det galne veien. Her sorteres absolutt ingenting, og søppelet set me utforbi huset 3 dagar i veka.( på Nærbø henter dei restavfall 1 gang i månaden).

På vei til butikken i kveldinga, såg eg to stk som gjekk å rota i søppelet som folk hadde satt ut. Her er kontrastane store. Stor arbeidsledighet gjer det vanskelig for mange å skaffa seg det mest nødvendige.

Når me tenker på den tragiske situasjonen for mange etter jordskjelvet, så er det dei fattigaste som blir hardast ramma. Dei har ikkje hatt råd til å bygga solide hus, og derfor står mange av dei tilbake med ein ruin, mange og i sorg over å ha mista nokon av sine nærmaste.

På TV viser dei mange tragiske historier nå, om folk som har mista alt, og det er ikkje mange av dei som har forsikring. Verkeleg ei forferdelig katastrofe for mange i dette landet.

torsdag, august 16, 2007

Kraftig jorskjelv i Peru

I dag har det blitt klart at jordskjelvet eg skreiv om i går, har gjort stor skade i deler av Peru. Dei snakker om 387 omkomne og 1300 skada på nyhetene nå. Og det er ikkje umulig at desse tala vil stiga. Her i Arequipa var det og mange som merka det godt, men her har det ikkje gjort skade.
På nyhetene tidligare i dag oppfordra dei folk til solidaritet med dei som er ramma. Nokre transportselkskap har dobla prisane på bilettar, og det er folk som utnytter tragedien til plyndring. Trist.
Sit og ser på nyheter på peruansk TV nå, og dei viser bilder frå ein by som heiter Pisco. Der er 80 % av husa ødelagt av jordskjelvet.
På grunn av tragedien er alle skulane i Peru stengt i dag.

Jordskjelv

I kveld var det eit kraftig jordskjelv i Peru. Dei som var inne i huset her me bur merka det godt. Dei kjente det, såg at lampen bevega seg, og det varte ganske lenge. Eg var ute på gata og merka ingenting.

Men litt lenger nord i landet har det krevd mange menneskeliv og skada mange. Ser på nyheter på peruansk TV nå, og der snakker dei om 48 omkomne og 270 skada. Tragisk.
Men i Arequipa er det ikkje meldt om skader.

Der månen smiler



Eit par bilder frå taket på huset me bur i. Her kjem me i godt humør av å sjå på månen! (klikk på bildene for å få dei større)

søndag, august 12, 2007

Aktiv lørdag




I dag har det vore full rulle her. Etter frukost vart me henta av ein av dei misjonærane som bur her i Arequipa. Det var tid for fotballtrening. Me køyrde litt lenger ut av byen, og kom til ein stadion med ein stor grasbane. Først vart alle stilt opp på rekka, og så var det ei økt med god gammaldags gymnatikk, med lett jogg, bøy og tøy. Så var det litt dribletrening, før det var ein drikkepause. Det er varmt i sola her.

Neste økt var fotball saman med jevnaldrande. Gutane våre var litt bekymra for at dei ikkje kan snakka spansk, men fotball går det an å sparka utan å drøsa så mykje.
Silas ga seg etter første økt, men var kry som ein hane: Nå har eg begynt på fotball!

Me kom heim, og hushjelpa som me hadde for 10(!) år sidan hadde laga ein fantastisk middag. Sprøsteikt kylling, ris og bernaisse-saus. Det var snadder.
Når middagen var fortært var det bare å begynna å forbereda neste post på programmet. Sosialt treff på den norske skulen. Me tok med kaffi, brus og vafler og køyrde opp til skuletomta. Der var det allereie kaffi på bordet. Me hadde litt kaffimat, før forbrenninga av alle godsakene skulle begynne. Fotballkamp med store og små, det var kjekt. Eit par idrettsskader vart det, men begge var oppegåande etter kampen. Dei minste ungane leika i lekestativ og sandkasse.
Etter fotballkampen var det meir kaffi og drøs, før dei mest sporty fortastte med volleyballkamp.
På veien heim var me innom ein butikk å handla snop, og før leggetid var det snop, film og eit slag UNO, for dei som ikkje hadde lekser):

mandag, august 06, 2007

Check out my Slide Show!

Søndag i Peru



I dag har me vore i ei av kyrkjene her i Arequipa. Den heter "Encuentro con Cristo", som betyr møte med Kristus. Det er den kyrkja som er nærmast her som me bur, så me gjekk bort på ca eit kvarter. Strålande sol, som det pleier å vera her. Kjekt å treffa igjen ein del kjente. Talen handla om bønn, og om at me måtte ta oss tid til å be.





Etter møtet reiste me til eit senter og åt litt, så gjekk me litt rundt i sentrum av Arequipa og hadde ein tur innom ein isbar.

Me tok taxi eit par ganger i dag, og den lengste turen kosta 10 kroner. Då køyrde me til andre sida av byen. Ein av taxisjåførane heite forresten Jesus.

I morgon skal konene her i huset ut på handling, og på onsdag begynner me med språkskule. Då skal Brith-Jorunn gå om formiddagen og eg om ettermiddagen.

søndag, august 05, 2007

Nå er me i Peru!

Endelig er me på plass i Peru.

Dei siste vekene i Norge vart hektiske, med mange praktiske ting som skulle ordnast. Og pakkinga tok og si tid. Utan god hjelp frå familie og venner, hadde me vel holdt på å mala og vaska ennå! Tusen takk for hjelpa!

Me reiste frå Sola 2.august kl 06.50. Me mellomlanda i Amsterdam, og frå Amsterdam til Lima var me 19 stk som skulle til Peru i misjonens teneste. Turen gjekk overraskande godt. Mika fekk litt å sova på, og det gjorde susen. Dei eldste gutane sat klistra til skjermen framfor setet, og såg på film og spela. Silas var vel den som sleit mest med loppene i blodet.

Me var framme i Lima rett etter 16, lokal tid(23 i Norge). Då måtte me først få 180 kg med bagasje oppbevart, før me tok to minibussar til hotellet.

Fredag morgon måtte me stilla på Interpol(av alle plasser), og fylla ut skjema, ta bilde både framifrå og i profil, og avgi ti stk fingeravtrykk.(Håpe ikkje dei får bruk for dei!)

Så var det middag på Mc Donalds, før me satte nasen mot flyplassen. Der vart det litt stress, for me hadde ikkje bilettar til Arequipa. Dei vart kjøpt i ein fart, og me tok langspurten til gaten, og kom oss på flyet rett før det letta.

I Arequipa vart me møtt av ein flott velkomstkomite, som helsa oss med norske flagg. Så bar det rett til den norske skulen, og velskomst med kaker og kaffi, og velkomsthelsingar både på norsk og spansk.

Nå bur me på gjestehuset til misjonen, det er eit stort flott hus, som me deler med ein annan familie. Her skal me vera i ca 5 veker og friska opp spansken m.m.

Me våkna til strålande sol og ein flott dag. Glede oss til fortsettelsen.

fredag, juli 27, 2007

Badeløve







Nå er det ferietid. For oss har det blitt mykje pakking og styr med praktiske ting, men me har hatt ei veka i Danmark. Me leigte eit feriehus saman med ein annan familie, var i Legoland, besøkte danske venner og kosa oss med mykje snop og is. Har du prøvt is med GUF, det er ein søt, dansk spesialitet.



Ellers har me vore ein del på Fogn, og dei eldste gutane har fått vore der utan oss vaksne, det har slått an. David er ein skikkelig vannmann, her er nokre bilder av han i farten. (i omvendt rekkefølge)