
Denne helga var Andreas Bakke, Helge Dagsland og eg på tur til Crucero. Me reiste tidlig fredag, for å vera med kyrkja i Crucero på tur til ein plass som heiter Oscoroque. Når me kom hadde ein gjeng frå kyrkja reist. Ca 30 stk bakpå ein lastebil. Me køyrde oppover frå Crucero, men etter ca 20 min køyring, kom me ikkje lenger, fordi ein lastebil sperra veien. Me reiste ned til Crucero igjen, og hadde ein rolig dag der.

På laurdag formiddag hadde eg ei to timars bibelstudie om givarteneste og tiende. Så reiste me på tur til Oscuroque. Flott tur, først køyrde me opp til 4700 m.o.h(ny rekord for Helge), så køyrde me ned til ca Juliaca-høgde. Det var ein grønn og fin dal, med åkrar og steinhus. Me gjekk ein tur der, før me reiste tilbake til Crucero. Om kvelden hadde me film og eit kort møte. Det vart fullt i kyrkja.På søndag var me på gudsteneste før me reiste heim til Juliaca.
Noko som var kjekt å oppleva i Crucero, var at dei var opptatt av diakoni. Dei hjalp fleire som hadde det vanskelig på forskjellige måtar.

