Bak muren i bakgrunne er CLET og SETELA i SucreFor ca ein månad sidan, fekk eg muligheten til å ha ei lita møteveka i Bolivia. Det var kjekt for ein gammal emmisær. Eg var på SETELA i Sucre, og hadde møter frå tysdag til fredag. Det var kjekt å bli litt kjent med studentane frå Peru, Bolivia og Ecuador som snart er ferdige med 3-års teologisk utdanning. Det var åpent og godt å tala.
Eg fekk bu hos familien Eggebø, og der hadde eg det godt. Kjekt å bli kjent med dokke, store og mindre!
På ferieplassen i Cochabamba





Verden største Kristus-statue

NattbussDen 21.oktober begynte den store folkevandringen. Etter eit par dagar med møter og strategi-tenking i Arequipa, satte heile misjonærflokken i Peru seg i bevegelse mot Bolivia. Første stopp var Juliaca, der alle vart innlosjert etter alle kunstens reglar. Neste morgon var det tidlig opp, og på tidenes busstur. Me starta frå Juliaca 7 om morgonen, og var framme i Cochabamba midnatt. Det var som ei Norges-reis, men humøret var strålande, og me var på ein koseleg plass.
Me fekk møta misjonærane i Bolivia, og ein del av oss sat ein del timar i styremøter. Skulen hadde opplegg, og nokre kosa seg med ungane og i byen.
Det var ein flott tur, på heimveien tok me nattbuss til La Paz, og var ein dag i La Paz før me reiste heim. Og då var me veldig klar for ein kvardag.