lørdag, oktober 23, 2010

Haustferie

Denne veka har me vore på leir ved Stillehavet. Arild Herigstad, som har vore bygge-ansavrlig for den nye leirplassen til kyrkja, laga program og inviterte dei som hadde anledning til å reisa eit par dagar til kysten.

Me låg i hytter, delte på å laga mat og vaska opp, og fant på mykje kjekt. Me var på stranda, ungane bada, leika i sanden og leika med dragar. Me var og ein ettermiddag på fereieplassen, der dei som såg syn på det, kunne ta seg eit bad i bassenget.

Det er ikkje sommar ennå, men me var heldige med været, og det var varmt og fint. Den eine dagen når me var på stranda, såg me ei sjøløva som leika seg i bølgene.




søndag, oktober 17, 2010

Tørrprat

Brith-Jorunn, Solveig og Mika i parken
Brith-Jorunn koser seg i hagen
Leirplassen Campel der me skal ha nokre dagar haustferie

Det skjer stadig ting i Peru, men eg har litt skrivetørke for tida. Derfor tenkte eg at eg skulle tørrprata litt å sjå om det kan bli ein oppdatering av det. Me har hatt ein haustkonferanse saman med Bolivia, det var kjekt, men det kan du lesa om på ein mengde bloggar både frå Peru- og Bolivia-misjonærar. Så eg gidd ikkje finna på ein ny vinkling på det.
Nå er det haustferie her, og me tar nokre dagar på kysten for å testa ut den nye leirplassen som ligg like ved ferieplassen vår. Gleder oss til det.
Eg har forresten hatt bursdag, og det feira eg med kaffi og snadder. Nå er eg på full fart mot dei 50!
I Norge rekner eg med det blir kaldare og kaldare, her går det andre veien. Fint å setta seg ut i hagen etter middag og nyta ein kopp kaffi.
Brith-Jorunn liker å stulla og stella i hagen.
Om ettermiddagen er ungane ute i parken og leiker. Der møter dei ofte andre av misjonærbarna og.
Då trur eg ikkje eg finn på meir å skriva, men plutselig er eg tilbake!