Brith-Jorunn, Solveig og Mika i parken
Brith-Jorunn koser seg i hagen
Leirplassen Campel der me skal ha nokre dagar haustferieDet skjer stadig ting i Peru, men eg har litt skrivetørke for tida. Derfor tenkte eg at eg skulle tørrprata litt å sjå om det kan bli ein oppdatering av det. Me har hatt ein haustkonferanse saman med Bolivia, det var kjekt, men det kan du lesa om på ein mengde bloggar både frå Peru- og Bolivia-misjonærar. Så eg gidd ikkje finna på ein ny vinkling på det.
Nå er det haustferie her, og me tar nokre dagar på kysten for å testa ut den nye leirplassen som ligg like ved ferieplassen vår. Gleder oss til det.
Eg har forresten hatt bursdag, og det feira eg med kaffi og snadder. Nå er eg på full fart mot dei 50!
I Norge rekner eg med det blir kaldare og kaldare, her går det andre veien. Fint å setta seg ut i hagen etter middag og nyta ein kopp kaffi.
Brith-Jorunn liker å stulla og stella i hagen.
Om ettermiddagen er ungane ute i parken og leiker. Der møter dei ofte andre av misjonærbarna og.
Då trur eg ikkje eg finn på meir å skriva, men plutselig er eg tilbake!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar