lørdag, august 01, 2009

Tilbake i Peru

Då har me kome tilbake til Peru. Me landa i Arequipa ca kl 21 i går(kl 04 norsk tid), då hadde me vore på reis i nesten eit døgn. Det var kjekt å vera tilbake å treffa gamle og nye venner her.

Sidan sist har me hatt nokre flotte dagar på Varhaug, der me bada i basseng med vannsklie, køyrde go-cart og besøkte og fekk besøk av venner på Jæren.

David, Brith-Jorunn og eg fekk med oss nokre dagar av NLM sin generalforsamling i Bergen, det var inspirerande. Kjekt å møta mange kjente der og, sjølv om det ikkje vart tid til dei lange og djupe samtalane.

Etter det har me vore på Sviland og på Fogn, og kosa oss saman med familie og venner. Me fekk og ein rask tur til Sørlandet før me sette oss på flyet.

Me har hatt ein strålande ferie, takk til alle som var med på å gjera den til ei festreise. Bildene viser eit lite utdrag av kva me har funne på.











3 kommentarer:

Anonym sa...

Heisan! Takk for sist. Kjempekjekt at me fekk treffa dokke mens dokke var i Norge. Gler oss til neste sommar når dokke kjem her igjen:)
Klem fra Kristin på Nærbø m fam

Marit og Leif Thingbø sa...

Dokke e ein kjempeflotte gjeng. Innrømmelse: Solveig er basen! Lykke til videre..."Dere går en stor manns bud. Hva heter han? Han heter Gud!" Klem fra Tanzania

Anonym sa...

Como estas amigos? Todo estan bien con nosotros. Bra spansk, ka? Vel, godt å sjå dåken tilbake i go-byen. Kjenne jo at eg savne den allerede. Og folka. Ellers var det ganske hyggelig å ha dåken på besøk i sommer, håper dåken tar turen innom igjen snart. Angåande bloggen min, kan eg love at det kommer nye oppdateringar når tida strekker til. Det blir sikkert ikkje så lenge til.

Olav