lørdag, august 18, 2007

Søppel



Når me reiste frå Nærbø, hadde me 5 søppeldunkar. Frå venstre: papir, bleier, rest, mat og plast. I tilegg til det måtte me sortera glas og metall og levera for seg. Me vart ganske gode til å sortera etter kvart.

Men etter to veker i Peru, går det galne veien. Her sorteres absolutt ingenting, og søppelet set me utforbi huset 3 dagar i veka.( på Nærbø henter dei restavfall 1 gang i månaden).

På vei til butikken i kveldinga, såg eg to stk som gjekk å rota i søppelet som folk hadde satt ut. Her er kontrastane store. Stor arbeidsledighet gjer det vanskelig for mange å skaffa seg det mest nødvendige.

Når me tenker på den tragiske situasjonen for mange etter jordskjelvet, så er det dei fattigaste som blir hardast ramma. Dei har ikkje hatt råd til å bygga solide hus, og derfor står mange av dei tilbake med ein ruin, mange og i sorg over å ha mista nokon av sine nærmaste.

På TV viser dei mange tragiske historier nå, om folk som har mista alt, og det er ikkje mange av dei som har forsikring. Verkeleg ei forferdelig katastrofe for mange i dette landet.

Ingen kommentarer: